«Vi tåler ikkje meir naturtap, verken til vind- eller vasskraft»
Dette er et leserinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens mening.

I eit innlegg frå Rune Langseth er det påstandar og synspunkt som det er viktig å korrigere. Når det gjeld utvekslingskapasitet og pris på straum er det viktig å opplyse om følgande: Lina for overføring til Sverige frå Midt-Noreg (NO3), Nea og Järpströmmen vart oppgradert i 2010 til 420 kV. Det betyr at dersom denne lina vart bruka til import heile året kunne vi importert ca 8 TWh eller ca 1/3 av heile forbruket i regionen. Så vil det og vere slik at innan 2030 vil kapasiteten for utveksling mot Sør-Noreg bli forsterka. Då vil prisen gå opp og prissmitten frå EU i større grad nå Trøndelag. Dette er heilt uavhengig av om det er underskot eller overskot i Trøndelag. Å påstå at vindkraftmotstanden har stoppa desse kraftlinene er det ingen dekning for. Tal frå prisområde Nordre-Vestland (NO5) viser klart at sjølv om det der blir produsert dobbelt så mykje som det blir bruka, er likevel prisen om lag lik den det er i Østlandet (NO1). Dette kjem og klart fram i Langsiktig Markedsanalyse frå Statnett. Det er med andre ord ikkje mangel på straum som påverkar prisen mest. Når det er god utveksling til andre prisområde, viser fakta at prisen blir meir lik uavhengig om det er underskot på straum i eit område.
Så er det og viktig å minne om at i siste analyse frå NVE vil Norge også i 2029 ha eit stort overskot på straum (11 TWh). I Adressa 2.4. blir den nye planen til Trønderenergi for Driva kraftverk presentert. Der uttalar Tord Lien følgande: – Nord for Dovre er det i dag ikke den totale mengden strøm som er det viktigste problemet, det er effektmangel, sier Lien.
Og Lien har heilt rett, det kan vere nødvendig med både nye trafoar og liner, men det er ikkje mangel på straum som er problemet. Det er heller ingen grunn til at alle delar av landet skal ha overskot på straum til ein kvar tid. Selbu og Tydal har teke meir enn nok av ansvaret med å produsere elektrisitet. Der er normalproduksjonen er på 1,8 TWh, og dette er nok til å dekke 6 gonger meir enn alt forbruk i dei same kommunane. Det trass i at det i Tydal blir bruka 0,6 TWh til produksjon av kryptovalutta. Men kanskje Langseth syns det er viktig at det vert endå meir forbruk til kryptoproduksjon i Tydal?
Det er med andre ord ingen grunn til at Selbu skal ofre meir natur verken til vind- eller vasskraft. Uansett peng til kommunekassa, kan ikkje naturtapet bli betalt tilbake. Både Fenix Repower og Clemens kraft kan gjerne få takk for besøket, men dei bør ikkje vere velkomen tilbake.