Foto: Roger Bakheim

«Vern Garbergelva»

Magne Vågsland i Naturvernforbundet tar til orde for et vern av Garbergelva i dette lesarinnlegget. Han stiller spørsmål rundt den eigentlege grunnen til at Garbergelva skal byggjast ut.

Publisert

Dette er et lesarinnlegg, som speglar av skribentens meining.

Det kan nå sjå ut til at kommunen med ordføraren i front nå vil gå inn for at det skal bli bygd kraftverk i Garbergelva. Det ser ut til at det er same søknaden som OED stoppa i 2019 som nå skal bli sendt inn på nytt og at Prestfossen skal bli lagt i rør. Grunngjevinga for å gå inn for dette skal vere at kommunen manglar kraft.

Kva er stoda?

Magne Vågsland. Foto: Naturvernforbundet

I heile kommunen var det i 2022 eit forbruk av elektrisitet på 70,3 GWt. I kommunen er det 4 kraftverk som er eigd av Selbu Energiverk AS som har ein normalproduksjon på 120 GWt. I tillegg har vi Statkraft med Nedre Nea og Hegsetfoss kraftverk og fleire mindre kraftverk eigd av andre. Til saman blir det innan kommunen sine grenser produsert ca. 600 GWt. Med andre ord, det er ikkje slik at ikkje Selbu tar sin del av ansvaret for å produsere fornybar energi. Alt dette har hatt konsekvensar for natur, men det har og gjeve gode tilskot til økonomien i kommunen. I tillegg til inntekter frå e-verket, kan og kommunen selje den konsesjonskrafta dei er tildelt. I 2021 var dette 35,8 GWt og denne kan kommunen selje fritt til så høg pris som dei kan oppnå i marknaden. I motsetnad til Tydal treng ikkje Selbu kommune meir forbruk for å kunne disponere all tildelt konsesjonskraft eige sal. Det er altså ikkje mangel på kraft eller økonomi som kan gje nokon god grunn for at Garbergelva skal ofrast.

Kan det vere arbeidsplassar?

Som alle mindre kommunar er det ein kamp om å halda på folketal og ha arbeidsplassar. Når nokon melder inn planar om å starte opp verksemd, melder dei gjerne inn ønske om tilknyting til kraftnettet. Då er det den maksimale lasta (MW) som talfesta og registrert. I slike ønske blir det aldri opplyst om kor mykje (mengde kWt) energi som vil bli bruka i året. Dersom det er luftige planar (umogne prosjekt) blir det ikkje prioritert og nettselskapet vil verken bygge line eller utvide trafostasjonar for å kome ønske i møte. Finst det slike planar i Selbu som gjer at eit næringsareal kan få ein snarveg til forsyning utan å vente på prioriteringa frå nettselskapet?

Powered by Labrador CMS