Prestfossen i Garbergelva, som kommunestyret ønsket bygge ut i 2012, men som ble stoppet i 2019. Foto: Anne Lien

«Kva vil Selbu kommune med Garbergelva?»

Magne Vågsland lurer i dette leserinnlegget på hva som har forandret seg siden sist behandling av spørsmål om utbygging i Garbergelva.

Publisert

Dette er et leserinnlegg, som gjenspeiler skribentens mening.

10. mars vart det sendt brev frå Clemens Kraft til Selbu kommune. Der vart kommunen ved formannskapet bedt om å tilrå at NVE gjev konsesjon til utbyggingsalternativet 2B. Om dette alternativet skriv Clemens Kraft at det allereie er kartlagd og utgreia. Kan vi då anta at alternativ 2B liknar på den søknaden for utbygging av Prestfossan kraftverk som NVE 26.09.2017 gav konsesjon til? I oktober 2017 fekk Naturvernforbundet biolog Steinar Vatne til å gjere meir kartlegging i Garbergelva. I rapporten frå Vatne står m.a. dette: Det blei registrert sju nye naturtypelokaliteter under eget feltarbeid. Av disse er fire fosseberg og/eller fosseeng, en bekkekløft, en gammel granskog og en naturbeitemark. Det blei funnet interessante arter innen artsgruppene lav, moser og sopp, deriblandt fem rødlistearter og et par sjeldne/lite samla arter.

Dette hjalp nok til då OED 9.09.2019 stoppa søknaden og departementet skreiv følgande: «Etter en samlet vurdering finner departementet at fordelene og nytten ved tiltaket er mindre enn skadene og ulempene for allmenne og private interesser. Vilkåret for å gi tillatelse er dermed ikke oppfylt, jf. vannressursloven § 25». Dette vedtaket vart gjort trass i at kommunen hadde stilt seg positiv til utbygging.

2 veker tidlegare, 27.8.2019 hadde kommunestyret i Selbu gjort vedtak som gjekk i mot at Kjelstadfossen skulle bli bygd ut. I vedtaket sto dette:

«Selbu kommune mener Selbu allerede har etablert en betydelig produksjon av fornybar energi, i form av vannkraft, samt Stokkfjellet vindkraftverk som er under bygging. Den samfunnsmessige og miljømessige gevinsten av utbygginga vektes å være mindre enn summen av de negative konsekvensene.»

Kva er forslaga nå?

Alternativ 2B er rekna som småkraftverk (under 10 MW), men det er likevel verre enn det som fekk avslag i 2019 fordi kraftstasjonen er flytta ca 1 km lengre ned i elva. Med dette forslaget vi elva berre få minstevassføring i 2,5 km.

Clemens Kraft har og gjeve kommunen høve til å gå inn for eit alternativ 3B der kraftstasjonen er flytta heilt ned til Litjmoen. Då vil fallhøgda bli på 280 m og det vil bli 9 km med minstevassføring.

Uansett vedtak i formannskapet i Selbu vil Naturvernforbundet gjere det vi kan for å stopp desse forslaga. Vi må og sterkt minne på om at med ein vesentleg del av vindkraft i Trøndelag vil det bli eit sterkt press på at regulerbar vasskraft køyrer produksjonen opp og ned. Dette vil igjen føre til stor variasjon i vassføring nedstrøms kraftstasjon som vil vere særs negativ for livet i elva.

I 2019 tenkte vi i Naturvernforbundet at Garbergelva skulle få renne fritt i framtida. Men nå er det altså duka for omkamp og Clemens Kraft refererer til at det har vore formøter med kommunen. Vi må då gå ut i frå at representantar for kommunen har stilt seg positiv til at det på nytt vert sendt inn søknad om å bygge kraftverk i Garbergelva. Vi har og merka oss at Clemens Kraft ikkje ber kommunestyret ta stilling til søknaden, men at det berre skal bli teken i formannskap.

Når nå Clemens Kraft i brev til kommunen argumenterer for småkraft (mindre enn 10 MW) blir det bruka kjente argument om at det kjem til å bli for lite kraft i Trøndelag. Det kan det jo godt kome til å bli dersom det m.a. skal brukast 3 TWt til produksjon av krypotvalutta i Tydal og Namsskogan. Men det kan vel ikkje vere dette Selbu skal ofre Garbergelva til!

Kva er det som har endra seg?

Powered by Labrador CMS