Dordi Lerum.

Skal berre ete norsk mat i 2024

Dordi Lerum har på Tiktok-brukeren @spdordi dokumentert sin reise som "norsketerianar", altså bare spise norsk mat i ett helt år. Det har gitt noen overraskelser, skriver hun i dette leserinnlegget.

Publisert

Dette er et leserinnlegg, som gjenspeiler skribentens mening.

Ved inngangen til det nye året sette eg meg eit litt hårete mål: I heile 2024 skal eg nemleg berre ete norsk mat og bli norsketarianar. «Det kan vel ikkje vere så vanskeleg?», tenkjer kanskje du. Då må du tru om igjen, for utfordringane for oss som vil ete norsk mat for å støtte opp om bonden står i kø!

Hittil er dette nokon av mine største overraskingar:

1. Ingen brød på butikken er heilt norske

Den nasjonalromantiske idyllen og historia om den norske brødskiva med brunost på brast allereie fyrste veka som norsketarianar. For på dei vanlege daglegvarebutikkane er det nemleg ingen brød som er heilt norske! I følgje Opplysningskornet for brød og korn er berre litt over halvparten av matkornet i Noreg norskprodusert. Det er jo stusseleg – og tyder at ingen brød er merka med Nyt Norge. Så for oss norsketarianarar er det berre å ta fram surdeigsstartaren og bake sjølv.

2. Feilmerkar butikkane varer med vilje?

Norske flagg verkar til å nesten selje betre enn maten i seg sjølv. Eg trur at folk flest, norsketarianar eller ei, ynskjer å velje norsk mat om det er mogleg. Det gjer det difor ikkje noko enkelt for oss forbrukarar når mat med importerte råvarer er merka med norske flagg. Eller når det står «NORSKE HVERDAGSTOMATER» på plakaten, medan det med bitte lita skrift (så lita skrift at ein mest må ha forstørringsglas for å kunne lese det) står at dei eigentleg er importert frå Marokko.

"Norske" tomater?
Neida, de er importert fra Marokko.

3. Veganisme er unaturleg i Noreg

Eg legg meg vanlegvis sjeldan opp i kva kosthald andre folk har. Men let`s be real, det går ikkje an å ha eit fullverdig kosthald som berre baserer seg på norske grønsaker og frukt.

Dei einaste naturlege veganarane i Noreg er sauene, kyra og geitene våre. Om ein ser bort frå morsmjølka deira då, men eg reknar med dei fleste veganarar også drakk morsmjølk då dei var babyar.

4. Vi importerer over halvparten av maten

Noreg har ei reell sjølvforsyning på rundt 40%. Det tyder at vi importerer godt over halvparten av maten vi et. Dersom det skjer noko som gjer at vi ikkje kan importere like mykje mat som vi gjer i dag, slik som krig, solstorm eller ein ny og verre pandemi, har vi faktisk ikkje nok mat til alle som bur i landet vårt. Ikkje ein gong fisken kan redde oss!

Kven hjelper deg i nauden? Ein reiser til legen eit par gonger i året, til frisøren kvar tredje månad og får besøk av feiaren i ny og ned. Men ein bonde treng ein tre gonger om dagen.

Vi er alle avhengige av at den norske bonden stiller opp for oss. Over lang tid har ein likevel sett ein betydeleg nedbygging og sentralisering av landbruket i Noreg. Berre i laupet av dei siste ti åra er over 7000 gardsbruk blitt lagt ned. Det må politikarar i alle fargar ta ansvar for.

Det eg, og vi, uansett kan gjere som enkeltpersonar er å bruke forbrukarmakta vår og berre ete norsk mat. Eller iallfall velje meir norsk mat i kvardagen.

Difor er eg norsketarianar.

Powered by Labrador CMS