Olav aktuell med Ivar Aasen-musikal på Samfundet
Ein splitter ny musikal om Ivar Aasen går for fulle hus i Storsalen på Studentersamfundet i Trondheim. Ein av forfattarane/regissørane bak har sterke anar frå Selbustrand.
Selbyggen har ikkje tradisjon for å skrive på nynorsk, men her gjer vi eit naturleg unnatak.
– Musikalen er ein slags biografi, der vi følgjer Ivar i tre ulike fasar i livet: da han jobba som lærar, mens han reiste rundt i landet og den politiske kampen mellom landsmål og riksmål. Det heile er omkransa av den nasjonalromantiske tidsepoka, og stykket har mange referansar til andre kunstnarar og komponistar frå denne tida, seier co-forfattar og -regissør Olav Ødegård til Selbyggen.
– Musikalen er ein komedie. Kor streng har de vore med historiske fakta?
– Vi er tru mot historia i dei store trekka, men enkelte parti er meir laust basert på historia. I løpet av stykket møter vi fleire historiske personlegdomar, som til dømes Bjørnstjerne Bjørnson, som kanskje blir framstilt som meir karikert enn han var i røynda, seier Ødegård.
Blant andre historiske personar som dukkar opp er Aasta Hansteen, Johan Sverdrup og Knud Knudsen.
Heile 270 personar involvert
Olav Ødegård er halvt selbygg (son av Ingeborg Solheim). Han er oppvaksen i Trondheim, der han også studerte.
For halvanna år sidan, medan han fortsett var student, starta han arbeidet på Ivar Aasen – ein musikal saman med kameraten Marcus Grand Michaelsen. Dei samarbeidde om tekstane, medan Grand Michaelsen også komponerte musikk.
Musikalsk hentar stykket element frå typisk musikalmusikk og musikk frå den norske musikkhistoria, som mellomalderballadar, folkemusikk, Grieg og revy.
Framsyninga er presentert av Studentersamfundets Interne Teater i samarbeid med Studentersamfundets Orkester, Trondhjems Studentersangforening og Trondhjems kvinnelige Studentersangforening. Heile 270 personer er i sving i samband med oppsetjinga.
Torsdag i førre veke var det duka for premiere. Billettane vart revne vekk, men det kan hende nokre få ekstrabillettar blir lagt ut. Siste framsyning er onsdag.
Odelsgut på Selbustrand
– Eg er oppvaksen i Trondheim, men Selbu er berre eit steinkast unna – så heilt sidan eg var unge har eg likt å vere på bruket på Selbustrand. Eg er veldig glad i både Selbustrand og Selbu.
Han har også odelen på garden Engan Vestre, og han ser ikkje heilt bort frå at han kan flytte dit.
– Med tida har eg vorte meir og meir open for den tanken. Eg trivst veldig godt der, og det er ikkje noko om å gjere å bu i ein hektisk by, seier Ødegård.