«– Her kom det påstandar om framtidig kraftbehov som bygger på mange premiss som i høg grad er usikre»

Dette er et leserinnlegg. Meninger i teksten tilhører skribenten.

Foto: Øyvind Skogmo Hansen
Publisert Sist oppdatert
Innleggsforfatter Magne Vågsland. Foto: Naturvernforbundet

26.02. arrangerte NVE informasjonsmøte der Clemens Kraft la fram sine planer for utbygging av kraftproduksjon frå Garbergelva. I ramma for møte var det klar melding frå NVE om at dette ikkje var eit møte for å gje uttrykk for om ein var for eller imot utbygging. Folk var invitert til å stille spørsmål om prosjektet og kome med synspunkt på kva som må bli gjort at konsekvensutgreiing. Likevel bruka Mattias Kullberg frå Clemens Kraft halve innleiinga si til å argumentere for kvifor det var nødvendig å bygge ut elva. Her kom det påstandar om framtidig kraftbehov som bygger på mange premiss som i høg grad er usikre. Det vart jo nærast framstilt som at skal Noreg nå klimamåla om å redusere utslepp av CO₂, er det nødvendig å bygge ut Garbergelva. Slik kunne Clemens Kraft bruke makta si til å framføre eit bodskap som ikkje hadde noko med informasjon om prosjektet å gjere. Men ramma for møtet var altså at desse påstandane kunne me ikkje argumentere i mot. Det var særs kritikkverdig at NVE ga Clemens Kraft høve til å bruke tid til dette. For underteikna var dette ein rein provokasjon, men eg prøva å respektere ramma så godt eg kunne. Skulle det vore balanse i møtet kunne eg gjerne bruka 20 minutt på både kraftbehov, klimamål og naturtap, men det var det altså ikkje rom for. I respekt for dei som var på møtet syns eg NVE, Brit Torill Haugen bør be om orsak for at Clemens Kraft fekk framføre propaganda for utbygging av Garbergelva i strid med det som var ramma for møtet.

La Garbergelva leve!

Powered by Labrador CMS