«Selbu og Hegra Sparebank»
– Det er bestemt at verken Selbu eller Hegra har plass i det nye namnet. Dette trur eg er eit feilgrep, skriv forfattaren av meiningsinnlegget.
Det er kjent at det er inngått ein intensjonsavtale mellom styret for Selbu Sparebank og styret for Hegra Sparebank om at bankane skal slåast saman. Det er dyrt å vera liten bank i dag, og det er tru på at ein samanslått bank skal bli til fordel lokalsamfunna, og samtidig bli ein sterkare aktør i heile Trøndelag. I intensjonsavtalen er det ikkje bestemt kva den nye banken skal heite. Men det er bestemt at verken Selbu eller Hegra har plass i det nye namnet. Dette trur eg er eit feilgrep. Namnet betyr mye. Å ta bort «Selbu» frå banken, trur eg vil svekke lojaliteten som svært mange i dag kjenner til Selbu Sparebank. Det gjeld både her i dalføret og kundar utanfor dalføret. Og eg trur heller ikkje at eit nytt namn vil bety at det blir lettare å kapre nye kundar verken når det gjeld privatpersonar eller bedrifter elles i Trøndelag. Styret har lagt opp til at verken bedriftsforsamlinga, eigenkapitalbeviseigarane eller innskytarane skal få uttale seg om namnet. Alle ansatte skal få lov til å komme med forslag, men det hjelper lite så lenge dei heller ikkje får lov til å nemne Selbu eller Hegra. Styret skal engasjere eit reklamebyrå til å komma med namn.
Forslaget mitt er at ein samanslått bank skal heite «Selbu og Hegra Sparebank», og eg oppfordrar styret til å gå bort frå tanken om å betale eit reklamebyrå for å finne på eit nytt namn. Og så meiner eg styret må vera ærleg på at posisjonen som Selbu Sparebank har her i bygda som arbeidsplass blir svekka den dagen hovedkontoret ligg på Stjørdal , og vi berre har ein filial her i Selbu.