Tilbakeblikk fra 22. Oktober 1976:

Peder Morset folkehøgskole har startet skoleåret

Skolen sysselsetter i første omgang nærmere 30 personer.

Nyskolen på Fossan.
Publisert

Du leser nå en artikkel fra Selbyggens rikholdige arkiv.

En redegjørelse av lærer Synnøve Matre.

Det første skoleåret ved Peder Morset folkehøgskole i Selbu tok til 18. oktober 1976. Med det starta utprøvinga av eit nytt og spennende prosjekt innen norsk folkehøgskole.

Det særmerkte ved denne skolen er først og fremst elevmaterialet. 40 av plassene er sette av til funksjonshemmede elever, fortrinnsvis psykisk utviklingshemma, medan dei resterande 24 er rekna på andre elevar. Me får såleis ei integrering der dei funksjonshemma kjem i fleirtal og følgjeleg i større grad blir med og bestemmer premissane for integreringa. Dette kan bli ei svært nyttig erfaring for begge partar.

Målsetjing

Målsetjinga for skolen er å gi eit vidare allmenndanningstilbod til ungdom. I tillegg skal skolen vera eit ledd i ei stegvis, planmessig integrering av funksjonshemma i samfunnet. Ved å skapa kontakt mellom ungdom med ulike føresetnader, ønskjer ein å utvikla gjensidig forståing og respekt for det einskilde mennesket sin identitet og verdi.

Korleis realisera målsetjinga

Dei tre faga det vil bli lagt mest vekt på, er kroppsøving, forming og psykologi – og pedagogikk med sosial læring. Ellers så kjem også idelære m/livssynsorientering og samfunnsorientering m/ politikk til å stå sentralt. Som valfrie emne kjem ein til å tilby m.a. matematikk, norsk, litteratur, musikk og dans, dramatikk, heimestell og engelsk.

Elevane skal så langt som mogeleg bli sett på som ei gruppe elevar. Dei skal leva og arbeida saman på likefot - ha dei same reglar og mykje godt det same ansvar.

Bakgrunn

Ideen til Peder Morset Folkehødskole vart unnfanga bortimot 10 år tilbake. Helge Morset, skolestyrar ved Emma Hjorts skole, var då på vitjing på Kjøsæter, ein integrert folkehøgskole i Sverige, og fekk der ideen til å starta noko liknande i Noreg.

I 1968 vart Peder Morset Stiftelse konstituert, og arbeidet tok til. Fossan gard på Selbustrand vart gjeven til formålet. Prosjektet er blitt seinka av en del finansieringsvanskar, men no i 1976/77 står me endeleg ved inngangen til det første skoleåret. Heile anlegget vil først stå klart frå hausten 1977.

Bygningane og omgjevnadane

Skolebygningen blir bygt i terassar med torvtak over det heile. Internatet er bygd opp av paviljongar der alle elevane får kvart sitt rom. Fire stykker delest om kjøkken/opphaldsrom og bad. Desse paviljongane ligg saman med bustadene til dei tilsette kring 4 tun ovanfor hovudbygningen. Ned mot sjøen blir eit stort jorde lagt ut til utandørs idrettsanlegg. Det er meininga at bygdefolket også skal få nytta seg av dette.

På området står ein stor, fin låve og eit gammalt stabbur. Låven er blitt pussa opp og skal nyttast til hestar og andre husdyr.

Me vil både i undervisning og fritid i stor grad nytta oss av dei fine muligheter som natur og villmark byr på i Selbu.

Personale

Følgjande er til no tilsette:

Rektor: Anstein Syltevik, Trondheim, lærarar; Aud Valseth (Røros), Gunnar Jarle Drivvold (Selbu), Torger Sletner (Røyken), Reidar Synnes (Sunnmøre), Venche Aareskjold (Klæbu), Per Tollan (Tingvoll), Synnøve Matre (Halsnøy), vaktmester; Jostein Leikvoll (Selbu), kokk; Odd Hiller (Namsos), kontorfullmektig; Arne Sandvik (Selbu). Øystein Gullseth (Selbu), har til no fungert og kjem også ei tid framover til å fungera som kontormann. Skolen er interessert i samarbeid med bygdefolket og håpar på gjensidig glede av det.

Denne saken er hentet fra Selbygens rikholdige arkiv