mobilmelding

Hilsninger

Tor Arvid
E vil gratuler gammelonkel Tor Arvid med da'n i dag :p E kjæm snart på bolla å brus Klem fra Nikolai


Tankar om framtidas landbruk i Tydalen

Som ung tydaling med planar om å satse på landbruk i heimkommunen i framtida, kjenner eg trong til å kommentere framsida på Selbyggen 15.05.09. Der får me presentert enda eit døme på det som uheldigvis er den bitre realiteten i dagens utkant-Noreg: Personar utanfor bygda tek over gardar og tilhøyrande areal og nyttar dei i stor grad til fritidsføremål, eller gardane blir ståande urørde medan dei forfell. Samstundes står lokale gardbrukarar makteslause att og ser på at godt beiteland og dyrkamark, i verste fall, gror att og ikkje kan nyttast til matproduksjon.

Det er sagt mykje om nedgangstider i landbruket, men mi oppfatning er at tydalsungdom i stor grad er viljug til å satse på gardsdrift som framtidig yrkesveg. Å vera gardbrukar har framleis status i Neadalen, sjølv om riksdekkande media gjer sitt yttarste for svekkje dette bilete av den norske bonden (dei har god appetitt på sakar som handlar om dyretragediar og rovdyrtap…). Sjølv om fleire av dagens ungdomar er positive til å overta garden, trur eg mange kvir seg dersom utviklinga eg peika på innleiingsvis held fram. Den dagen eg avgjer om eg skal overta, vil det vera heilt avgjerande at det finst eit sosialt og landbruksfagleg miljø blant bønder i bygda, tufta på samarbeid og erfaringsutveksling. Dersom det ikkje gjer det, trur eg mange vil miste interessa for å satse på garden. Eit slik miljø er avhengig av at talet på gardar i drift held seg på dagens nivå. Det blir tungvindt springe bortåt naboen for å låne eitt eller anna (eller ta ein kaffekopp for den saks skuld), når nabogarden ligg ei mil unna!

I Tydalen har talet på aktive gardsbruk heldt seg nokolunde stabilt i forhold til resten av landet. Difor blir eg fortvila når eg les Selbyggen 15.05.09 der satsingsvilje og tru på framtida blant bønder blir møtt med null forståing av fylkeslandbruksstyret. Den siste tida har det vori eit auka fokus på beitebruk og jordvern for å stogge attgroinga av kulturlandskapet. Denne politikken frå myndigheitene, blir altså feid under dørmatta når fylkespolitikarane sitt og gir konesesjonar i slike saker som den på Stuggudalen. Akkurat det same gjeld sakar som omhandlar fritak frå buplikt: Kommunestyret går imot, søkjaren klagar til høgare instansar og feller ei tåre eller to framfor fylkeslandbruksstyret, som deretter gir medhald og dermed fritak frå buplikta. På den måten blir gard etter gard ståande tomme, eller nytta berre delar av året.

Dersom denne utviklinga held fram i åra framover, trur eg rekrutteringa til bondeyrket vil få seg ein kraftigare knekk enn det me har sett så langt. Kven er vel interessert i eit yrke utan ein einaste arbeidskollega i mils omkrins? Vedtaket som vart fatta i saka om garden Stugguvollmoen undergrev alt som heiter lokaldemokrati. At fritidsinteresser går framfor næringsinteresser i slike saker, tykkjer eg er tragisk. Kven skapar verdiane? Eg vil ikkje kalle det eit nakkeskot, då hadde me døydd, men ein kan vel kalle vedtaket eit realt vomskot i sida på lokaldemokratiet. For ein treng ikkje nødvendigvis stryke med av eit vomskot, det gjeld berre å reise seg rett etterpå.

Legg ein seg ned og stivnar, er det slut…

Jo Vegard Hilmo, Tydal

tydalsfjell_s014

GARDEN 'ROTVOLDEN' i Stugudal i Tydal (og ikkje Møsjødal/Rote, slik det stod i papirutgåva i dag). Illustrasjonsfoto: Bente Haarstad

Kommentarer
Legg til Sřk
Skriv kommentar
Navn:
Email:
 
Tittel:
UBBKode:
[b] [i] [u] [url] [quote] [code] [img] 
 
 
:angry::0:confused::cheer:B):evil::silly::dry::lol::kiss::D:pinch:
:(:shock::X:side::):P:unsure::woohoo::huh::whistle:;):s
 
Please input the anti-spam code that you can read in the image.

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 
Søk
 Web Selbyggen
Kjøp digital utgave

selbyggen-20100827_000_00_00_001

Været - 3 dagers Varsel